Artiklane i 2014-utgåva


Viser innlegg med etiketten Nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nynorsk. Vis alle innlegg

tirsdag 10. november 2015

Eit Noreg i miniatyr

Haukeland sjukehus (foto: Svein Harkestad,
Wikimedia Commons)
- Eit par tiår attende ville eg aldri tru at det skulle henda. Tvert imot, Haukeland var vel nærmast for ein bokmålsbase å rekna. Skreiv ein då «sjukehus», vanka det tilsnakk. Det skriv leiaren av Meland mållag, Haakon Aase, som er raus med godorda til sjukehusgiganten i Vestlandshovudstaden.

- No vart eg vekt av narkosen av ein blid sjukepleiar, men ikkje berre det, på namneskiltet stod det og Sjukepleiar! Haukeland er ein stor arbeidsplass. Her høyrer du alle slags målføre. Folk snakkar til deg på fjellbygdmål, nordnorsk, trøndsk, nordvestlandsk, kav bergensk, uforfalska strilamål, sunnhordlandsmål, vossamål, hardingmål, ymse austnorske målføre, og nær sagt: same kva hudfarge desse gode fagfolka har. Herleg å høyra rikdomen i vårt norske mål falda seg ut! Og vakkert samlande for denne store breidda er nettopp nynorsken samnemnaren.

fredag 6. november 2015

Jon Fosse, heime på Frekhaug


Jon Fosse, den mest omtala og spelte norske
dramatikaren etter Ibsen. (Foto: Arve Kjell Uthaug)

Vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, Jon Fosse har slått seg ned på Frekhaug. Når han då ikkje bur i Austerrike eller i kunstnar-bustaden Grotten i Oslo.

- Eg hadde i mange år budd i Bergen og det kjendest som at nok var nok. Eg har lenge ynskt å bu i Nynorskland, og så vart det Frekhaug, til dels fordi eg av private grunnar må bu så nær Bergen som mogeleg. Eg har elles alltid tykt om Nordhordland. Og mykje av det eg har dikta har eg skrive i ei hytte, eigentleg ei ombygd løe, på Leknes, fortel Fosse i eit intervju med Melandjul.

onsdag 5. november 2014

Den store målfesten i Meland

Edvard Hoem (t.v.), Haakon Aase og ordførar Nils Marton Aadland
(Foto: Arve Kjell Uthaug)
24. mai vart bysten av Ivar Aasen avduka framfor rådhuset på Frekhaug. 

Forfattar Edvard Hoem og mållagsleiar Haakon Aase trekte saman sløret av nynorskens far.

Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at Ivar Aasen har fått sitt eige minnesmerke akkurat i Meland. I 1843 og 1844 sat han ni månader på Litlebergen like ved Frekhaug, lytta til strilemål, skreiv på grammatikken sin – og venta på stipendpengane som skulle koma. 


Melandjul har bileta frå den store målfesten på Frekhaug.