Artiklane i 2014-utgåva


Viser innlegg med etiketten Frekhaug. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Frekhaug. Vis alle innlegg

mandag 9. november 2015

Ei krigshistorie som tok til på Frekhaug



Ragnar Wiik (foto: privat eige).
- Ein vakker sommardag midt i august 1941 fekk foreldra mine på Langeland besøk av ein 20 år gammal handelsgymnasiast frå Bergen – Ragnar Wiik. Slik har han skildra besøket i sine krigsmemoarar: «Etter å ha tatt avskjed med min far, dro jeg med lokalbåt til Frekhaug, og tok fatt på veien til lærer Bjørgo. Utenfor haveporten møtte jeg hans kone, en søt og stillferdig dame på vel 40 år. Jeg sa navnet mitt, og hun spurte om jeg skulle videre, og jeg sa ja. «Skal du langt videre?» Jeg svarte igjen ja, hvorpå hun ba meg komme inn. Narve Bjørgo skriv i Melandjul 2015 om ei krigshistorie som tok til ved hageporten på Langeland.


fredag 6. november 2015

Jon Fosse, heime på Frekhaug


Jon Fosse, den mest omtala og spelte norske
dramatikaren etter Ibsen. (Foto: Arve Kjell Uthaug)

Vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, Jon Fosse har slått seg ned på Frekhaug. Når han då ikkje bur i Austerrike eller i kunstnar-bustaden Grotten i Oslo.

- Eg hadde i mange år budd i Bergen og det kjendest som at nok var nok. Eg har lenge ynskt å bu i Nynorskland, og så vart det Frekhaug, til dels fordi eg av private grunnar må bu så nær Bergen som mogeleg. Eg har elles alltid tykt om Nordhordland. Og mykje av det eg har dikta har eg skrive i ei hytte, eigentleg ei ombygd løe, på Leknes, fortel Fosse i eit intervju med Melandjul.

onsdag 5. november 2014

Den store målfesten i Meland

Edvard Hoem (t.v.), Haakon Aase og ordførar Nils Marton Aadland
(Foto: Arve Kjell Uthaug)
24. mai vart bysten av Ivar Aasen avduka framfor rådhuset på Frekhaug. 

Forfattar Edvard Hoem og mållagsleiar Haakon Aase trekte saman sløret av nynorskens far.

Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at Ivar Aasen har fått sitt eige minnesmerke akkurat i Meland. I 1843 og 1844 sat han ni månader på Litlebergen like ved Frekhaug, lytta til strilemål, skreiv på grammatikken sin – og venta på stipendpengane som skulle koma. 


Melandjul har bileta frå den store målfesten på Frekhaug.