Artiklane i 2014-utgåva


Viser innlegg med etiketten Litteratur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Litteratur. Vis alle innlegg

fredag 6. november 2015

Jon Fosse, heime på Frekhaug


Jon Fosse, den mest omtala og spelte norske
dramatikaren etter Ibsen. (Foto: Arve Kjell Uthaug)

Vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, Jon Fosse har slått seg ned på Frekhaug. Når han då ikkje bur i Austerrike eller i kunstnar-bustaden Grotten i Oslo.

- Eg hadde i mange år budd i Bergen og det kjendest som at nok var nok. Eg har lenge ynskt å bu i Nynorskland, og så vart det Frekhaug, til dels fordi eg av private grunnar må bu så nær Bergen som mogeleg. Eg har elles alltid tykt om Nordhordland. Og mykje av det eg har dikta har eg skrive i ei hytte, eigentleg ei ombygd løe, på Leknes, fortel Fosse i eit intervju med Melandjul.

torsdag 16. oktober 2014

Les noko nytt, les ei biletbok

Biletbøkene kombinerer to kunstformer
(foto: Wikimedia Commons)
- Kulturdepartementet deler kvart år ut ein pris for årets beste biletbok. Desse bøkene har eit mykje lågare utlån enn bøkene om Pulverheksa eller dei om Karsten og Petra. Kvifor er det slik? spør Bente Bing Kleiva i ein artikkel om biletbøker.

- Jo, mykje handlar om at bøkene som får prisar representerer noko nytt, dei krev noko av formidlaren, og vi gidd ikkje. Kanskje det ville vere spennande å prøve ei slik bok? Til dømes Historia om korleis hunden fekk våt snute med tekst av poeten Kenneth Steven og illustrasjonar av Øyvind Torseter. Dei har laga ein variant av forteljinga om Noas ark, rett og slett frydefull lesnad!

 

tirsdag 30. september 2014

Diktaren frå Fløksand


Der ligg ei forunderleg ven lita grend
litt gøymd mellom knausar og kollar,
og gjev du deg stunder å gjera deg kjend,
du finn både åkrar og vollar.
Ein ørliten arm av fjorden smyg inn
der småbølgja bryt i den vekslande vind,
og borna ein uneleg badeplass finn -
her voggar seg båtar og jollar.
 

Slik skreiv Kristian Sakseide i ein av dei mange prologane han forma til viktige hendingar og merkedagar i heimbygdene. Sonen Arvid Sakseide har skive ein artikkel om Fløksandsdiktaren - om dikta, om prologane og om mannen.

Kanskje du berre ikkje har funne den rette boka enno?


Magnhild Bruheim (Foto: Det norske samlaget)
Har du opplevd kjensla av å bli så riven med av ei bok, at du gløymer tid og stad? Så engasjert i handlinga at du så å seie høyrer boka rope på deg? Kan hende har du spurt deg sjølv korleis du kan få ungdomen i huset til å oppleve denne gleda, og til å byte ut litt av data-tida med god, gammaldags lesetid? Ikkje gi opp. Hald deg oppdatert på ungdomsbøkene som kjem ut, og les dei gjerne sjølv. Eg plar seie til ungdom som hevdar at dei ikkje likar å lese, at det er noko dei trur, sidan dei ikkje har funne den rette boka enno. Heldigvis finst det mange forskjellige, både bøker og menneske, skriv Kjersti Langenes Bøen i ein artikkel om ungdomsbøkene til forfattaren Magnhild Bruheim.