Artiklane i 2014-utgåva


lørdag 1. november 2014

Med landsfaderen i Tromsø

Einar Gerhardsen (AP) var statsminister
mesteparten av tida mellom 1945 og 1965
(foto: Ernest Rude, Wikimedia Commons)
- Einar Gerhardsen møtte eg berre ein gong, men det var til gjengjeld eit møte som varte nesten ei veke i oktober 1976. Det skriv historikar Narve Bjørgo. I fjor skreiv han om Marie Hamsun i serien "Menneske eg møtte", i år handlar det om Noregs mest ruvande politikar på 1900-talet. Gerhardsen kom til Tromsø og var gjest ved universitetet der samstundes med at Bjørgo arbeidde ved historieseksjonen.

Gerhardsen kunne vera direkte i karakteristikkane.

- Vi fekk ei saftig skildring av partiveteranen Christopher Hornsrud, mannen som i 1928 skapte politisk historie da han i 18 dagar var Arbeidarpartiets første statsminister. Hornsrud vart heile 101 år gammal, og ifølgje Gerhardsen meir og meir radikal etter som åra seig på. ”Hadde han levd ett eneste år lenger, hadde han endt opp som kommunist”. Verre politisk karakteristikk fans knapt i den aldrande Einar Gerhardsens vokabular.

 


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar