Artiklane i 2014-utgåva


onsdag 5. november 2014

Barndomsminne frå Rosslandkrinsen

Høybering på Åsebø under siste krigen (foto: Meland sogelag).
- Slåttonna tok lengst tid, gjerne fire-fem veker, då alt skulle slåast med ljå. Om kveldane skulle ei mengd ljåar slipast kvasse på den store slipesteinen, som det var eit ork å dra. Best var det å vera tidleg oppe og ”slå på dogga”. I fint ver tørka vi graset på marka, men i dårleg og utrygt ver måtte vi hesja. 

Slik heiter det i ein ny artikkel med barndomsminne etter Randi Skurtveit frå Rosslandskrinsen.

- Seinsommar og tidleg haust var det bærplukking. Først hagebær av fleire slag, og så mange turar i marka etter blåbær og tytebær. Litt av bærhausten vart selt; alle ekstrainntekter kom vel med. Det var såleis alltid nok å gjera, men på dei varmaste sommardagane prøvde likevel vi ungane å få oss eit bad i Storavatnet. Vatnet var helst kaldt, men vi sprang oss varme heimatt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar