Artiklane i 2014-utgåva


tirsdag 28. oktober 2014

Nytt liv for samlingsstaden i Austegardane

Dei gamle plansjane var ein av skattane som kom for dagen då
skulehuset på Gaustad vart pussa opp.
Det måtte bli ein hyttemann som såg verdien av å i ha ein samlingsstad i bygda. Huset med dei vakre gråsteins-murane hadde verdiar og historie som ikkje kunne forfalla. Det vart danna ei velforeining, og eit styre stod for organisering av vølinga. Med stort pågangsmot vart lekter på taket skifta ut. Der det mangla, kom ny takstein på plass. Vindaugskarmar hadde morkna etter mange år i ver og vind. Solide nye vart sette inn med god hjelp frå lokal snikkar, fortel Magne Rifsgård i ein artikkel om Gaustad skule, som vart bygd for vel 100 år sidan, men lagt ned som skule for femti år sidan.

No er det kome nytt liv i det gamle huset. Den største skatten vart funnen på lemmen. Her var bord og benkar som vart brukte til samkomer. Gamle trepultar og meir moderne stålrørspultar og stolar kom atter til heider og verdigheit. Og størst av alt: Plansjane til bibelsoga, naturfag og "året rundt" var mest like fine som før, etter femti år på lemmen. Lærebøker frå fleire tidsrom vart henta ned trappa saman med biletbandrullar og diasframvisar.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar