Artiklane i 2014-utgåva


mandag 9. november 2015

Sagene rundt Bjørndalsvatnet

Foto: Arnt S. Brakstad.
Stiane og stadnamna viser at menneske har ferdast i området kring Bjørndalsvatnet i lang tid. Arnt Brakstad skriv om sagene rundt i området og tradisjonane knytte til desse. På botnen av vatnet har ein endå til funne restar av tømmerstokkar, som er tilverka med reiskap og daterte til mellomalderen. Kva dette anlegget vart brukt til, er likevel ikkje så enkelt å slå fast sikkert.


I Kjørsleie har det vore køyrt tømmer og ferdige materialar. Trea som gror der no (biletet), viser at det ikkje har vore brukt så mykje dei siste åra. Det er planlagt å laga bilveg frå Bjørndalsvegen og fram til Nedra Skjevlo. Den vil truleg kryssa Kjørsleie ikkje langt frå Bjørndalsvatnet. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar