Vigleik Mikal Ypsøy og
morfaren
Viking Mikal Øpsen i Øpsevågen 1965.
(foto utlånt frå
Karin Hobæk)
|
- Eg lærte tidleg å ro. Fiske med line og fiskestein var vel det me gjorde mest. Oskjel vart brukt som agn. Eg andøva medan morfar brukte kikkert og skjelstikka. Så var det å egna lina før me sette henne ut i sjøen nokre timar. Det var stor stas å få lov å trekkja. Nokre gonger var ho full av brennmanet, men opp skulle ho. Hugsar at eg ofte gret mine tapre tårer medan eg trekte, men det var aldri snakk om å gje seg. Me fekk mykje fin torsk, lange og hyse på 1960–talet. Ein gong fekk me ein svær pigghå på om lag halvannan meter. Den slo med sporden i færingen så det viste fleire veker etterpå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar