Artiklane i 2014-utgåva


lørdag 28. november 2015

Melandjul 2015 er her

Melandjul 2015
Melandjul 2015 er ferdig frå trykkeriet. I grøn bunad, og med ei sommareng frå Langeland på framsida. 

I år har bladet eit stort intervju med Jon Fosse. Han er den mest spelte norske dramatikaren sidan Ibsen, nyleg fekk han Nordisk råds litteraturpris - og han har skaffa seg husvære på Frekhaug. Fosse kjem frå Strandebarm, har budd i Øystese og Bergen. No bur han i Hainburg an der Donau, i Oslo og på Frekhaug.


- Det var gjennom ein dialekt som låg nynorsken nær eg fyrst opplevde verda. Og ordlyden, heile språkkjensla mi, er fest til nynorsken. Nynorsken er min heim i verda, utan tvil, seier Fosse som leverer eit engasjert forsvar for det nynorske språket. I tillegg til å fortelja om gudstru og diktig, om kva han sjølv les - og svara på spørsmålet om all heideren har gått til hovudet på han.


Stipendiat Jan Magne Steinhovden forskar på den innvandra musikken, og gjev eit innblikk i musikk, dans og gudstenesteliv hjå dei eritreiske innvandrarane til kommunen. Her blir det ledig skulderdans på Holme, og liturgisk kneling som kan knekka sjølv den sprekaste.


Elles har Melandjul 2015 artiklar om m.a. Ypsøy kystgard, dei ein gong så populære strandamålarane, ei dramatisk krigshistorie som tok til på Langeland, det raude gullet frå Io, ungdomslaget og Rosslandsbygda, sagene rundt Bjørndalsvatnet, den digitale leiken, pendlinga frå Meland, diktaren og mennesket Margrethe Kårbø, politikaren og mennesket Inge Lønning.


Bladet blir selt av sjetteklassingar som går frå dør til dør, og kjem dessutan snart i sal hjå dei lokale butikkane, på bensinstasjonen på Frekhaug og bokhandelen i Knarvik. Prisen er 100 kroner for 52 innhaldsmetta sider med lokalt stoff.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar