Artiklane i 2014-utgåva


torsdag 12. november 2015

Med hjarta på Øpso


Vigleik Mikal Ypsøy og morfaren
Viking Mikal Øpsen i Øpsevågen 1965.
(foto utlånt frå Karin Hobæk)
- Det var ikkje lenger gardsdrift på bruket då eg vaks opp, men morfar tok meg med på all slags fiske, fortel Vigleik Mikal Ypsøy. Saman med kona bur han på Øpso og driv Ypsøy kystgard. I Melandjul 2015 fortel han historia bak kystgarden og drifta som er der i dag.


- Eg lærte tidleg å ro. Fiske med line og fiskestein var vel det me gjorde mest. Oskjel vart brukt som agn. Eg andøva medan morfar brukte kikkert og skjelstikka. Så var det å egna lina før me sette henne ut i sjøen nokre timar. Det var stor stas å få lov å trekkja. Nokre gonger var ho full av brennmanet, men opp skulle ho. Hugsar at eg ofte gret mine tapre tårer medan eg trekte, men det var aldri snakk om å gje seg. Me fekk mykje fin torsk, lange og hyse på 1960–talet. Ein gong fekk me ein svær pigghå på om lag halvannan meter. Den slo med sporden i færingen så det viste fleire veker etterpå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar