Artiklane i 2014-utgåva


torsdag 4. desember 2014

Melandjul 2014 er her

No er Melandjul 2014 her. Skuleelevane er allereie i gang med å gå frå dør til dør og selja bladet. Etter kvart kjem det òg i sal på Kiwi, Rema 1000 og Esso på Frekhaug og i bokhandelen Norli i Knarvik.

I år er det eit foto av Sverre Stokke som prydar framsida. Ranveig Vatne har hatt ansvaret for bladbunaden. Sjølve bladet har femten artiklar, og stort sett er det lokalt stoff knytt til Meland kommune. Nedanfor ligg det korte smakebitar frå dei fleste av artiklane.

Dei som bur slik til at dei har vanskeleg for å få tak i bladet, kan tinga det frå Meland mållag ved Marie Morken. Send ein e-post til Morken på marie.morken@ub.uib.no. Du får då tilsendt Melandjul 2014 og betalar for sjølve bladet (90 kroner) pluss porto.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar