Artiklane i 2014-utgåva


onsdag 12. november 2014

På eit sølvfat

Bjørn Steffen Thorsen legg siste hand på verket
(foto utlånt frå Brødrene Lohne & Theodor 
Olsen Sølvvareverksted).

 
Norske kokkar gjer det svært godt i VM og EM i kokkekunst. Ordføraren i heimkommunen til kokken vert intervjua, og andre kjendiskokkar uttalar seg om konkurransen. Det du ikkje får vita, er at det flotte serveringsfatet i sølv og kjedet ordføraren briskar seg med, er teikna og laga av ein innfødd melandbuar, Bjørn Steffen Thorsen.

 - Eg er godt nøgd med serveringsfata til meisterskapane i kokkekunst. Det var store arbeidsoppgåver, men eg er mest nøgd med ordførarkjeda som eg har konstruert og laga ferdige, seier Thorsen i eit intervju med Melandjul.  


- Likevel er eg mest stolt av blanketten som eg laga for Norges Livredningsselskap. Denne blanketten delte Livredningsselskapet ut då dei heidra dei 110 personane som redda ungdommar frå Utøya, seier Thorsen stilt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar