Artiklane i 2014-utgåva


torsdag 2. oktober 2014

Den store dramatikken bak eit lite monument


Skulpturen i Sandviken
(Foto: Åse Johnsen)
Monumentet ”Havblikk” gjer ikkje så mykje av seg der det står utanfor Sandvikskirken i Bergen. Men det ligg ei dramatisk historie bak. Dei tre sjømennene som utstrålar samhald og kameratskap står der til minne om det første norske skipsforliset i andre verdskrigen. 17 menneske omkom då Ronda vart søkt. 

Ein av dei som omkom, var mannen som eit par år tidlegare hadde laga ”Havblikk” som utkast til sjømannsmonument i Bergen. Kunstnaren Johannes Iden døydde berre 39 år gammal. I artikkelen Ragna Ådlandsvik har skrive om Iden, møter vi forfedrar som i sin fattigdom måtte plukka skjel og strandkrabbar i fjøra for å stilla svolten. Og storebroren hans vart skoten ned av ein politimann i USA ved eit ulukkestilfelle. Sjølv vert Johannes Iden i Norsk kunstnarleksikon omtala som ”et eksotisk innslag i norsk skulptur”, og han laga både negerskulpturar og sjømannsrelieff.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar