Artiklane i 2014-utgåva


tirsdag 30. september 2014

Vaktaren av dronninga sine perler

Abraham Nordmand var ein streng
perleinspektør (Teikning: Maria Tripodianos)
Abraham Nordmand var perleinspektør for dronninga og hadde ansvaret for perlene frå elvemuslingane. På grunn av massive klagestormar vart han avsett som inspektør i 1724. Truleg var det same året han kjøpte garden Langeland i Meland. Store deler av tida fram til han døydde i 1748 budde Nordmand der, med paktarar som dreiv garden.
 

Kva arbeidsoppgåver hadde Abraham Nordmand hatt som perleinspektør? I korte trekk desse: Fangst av perler frå elvemusling vart på 1600-talet definert som kongens eksklusive særrett (regale), som frå 1691 tilhøyrte dronninga. Dei perlene ho ikkje sjølv ville ha, vart selde til inntekt for henne. Perleinspektøren hadde eigne perlefiskarar, som hadde det privilegiet å sleppa militærteneste. Fangsten gjekk føre seg kring jonsoktider, ved at dei vada i elva der det var grunt, og med håv og hender tok opp muslingskjel. Abraham Nordmand hadde på dronninga sine vegner inspeksjonen av heile Vestlandet til og med Sunnmøre, der dei viktigaste elvane med perlemusling låg på Jæren, i bergensområdet og på Sunnmøre.
 

Historieprofessor Narve Bjørgo skriv om inspektør Nordmand, om konfliktane han skapte og om perlefisket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar