Artiklane i 2014-utgåva


mandag 2. desember 2019

Melandjul 2019 er i sal!

Årets Melandjul har nettopp kome frå trykkjeriet. Her er litt av det du kan lese om i år:

Mykje er alt fortalt om den andre verdskrigen, men det står framleis att viktige historier å formidle, og Ragna Ådlandsvik og Johannes Fosse skriv godt om nokre unge menn frå Io som møtte dramatiske lagnader i Tyskland, og om fire Shetlands-fararar frå Meland. Dette er spennande og dramatiske historier som i dag nesten kan høyrast ut som fiksjon, men som var høgst reelle for dei det gjaldt og familiane deira.

Arvid Sakseide tek føre seg ei samling kulturminne frå nyare tid når han skildrar mjølkerampane rundt om i kommunen og meierihistoria i Melands-området i ein fyldig artikkel. Kultur, mat og drikke står òg i høgsetet når krydderdamene møtest på Meland ungdomsskule. Kjersti Langenes Bøen har teke turen og fått ein god prat med dei.

Eit par stykke om viktige kulturminne har vi òg funne plass til: Leif Johnsen fortel historia om restaureringa av Nordgardsløa i høve 30-årsjubileet, og Haakon Aase skriv om det omfattande prosjektet med Elias-huset. Elias Mjåtveit er elles representert med eit utval ord og uttrykk han samla inn, i utval og skildring ved Arnt Brakstad.

Litt nytt, litt gammalt – litt å grøsse over og litt å kose seg med er altså det du forhåpentleg får i Melandjul i år. Vi håpar juletida blir fin og roleg, slik at du rekk å setje deg ned i godstolen med bladet vårt.

Bladet blir selt av skuleelevar som går frå dør til dør, og i dei lokale butikkane. Prisen er 100 kroner.

God lesnad!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar