Artiklane i 2014-utgåva


tirsdag 3. november 2015

Strandamålarane - entreprenørar ved fjorden

Tveit med Brakstadfjellet i bakgrunnen, måla av Amund Valde.
Mange har dei kanskje framleis hengande på veggen heime. Eller kan henda heng dei på ein vegg hjå bestemor og bestefar, eller i naustet.

Bileta frå strandamålarane var ei "landeplage" i åra etter krigen. På Stranda i Lindås kommune arbeidde tolv menn som landskapsmålarar. Dei hadde ikkje store kunstneriske ambisjonar, men dei skapte ei tilleggsnæring i lokalsamfunnet. Dei effektiviserte produksjonen, fekk i stand eit godt salsapparat, dekorerte veggene i mange heimar. Og dei møtte bygdedyret i form av ein tilreisande journalist frå bydn.

Øystein Valde sat sjølv som gutunge på Stranda og studerte produksjonen av bileta og lytta til drøsen frå far sin og dei andre som førte penselane. I 2015-utgåva av Melandjul skriv han om strandamålarane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar