Artiklane i 2014-utgåva


søndag 8. november 2015

Ei hand mot jorda



Frå Det sixtinske kapell i Roma, v. Michelangelo.
- Denne helga har eg vore på konfirmantleir på ei paradisøy i Malaysia. Eg bur og arbeider for tida i Singapore og Sjømannskyrkja her, ein halvtime med bil frå Malaysia, skriv Eva Kristin Dale Wessman i andakten i Melandjul 2015. 

- Tema for konfirmantleiren var Gud – vår Far, og konfirmantane fekk jobbe med spørsmålet «Kven er Gud?». Dei fekk i oppgåve å teikne korleis dei tenkjer seg Gud. 99 prosent av teikningane viste bilete av ein gammal mann med skjegg som sat oppe i skyene, nokre gonger med eit smil. Eg kjenner igjen biletet. Eit bilete av ein Gud «der oppe». Men ei av teikningane skilde seg ut. Det var ei sky, og ut strekte det seg ei hand mot jorda. Nokså likt eit av dei eldste symbola vi har for Gud i kyrkja, men dette visste ikkje konfirmanten som teikna symbolet. Eit bilete av ei handling, og ein Gud som rekkjer ut handa til oss menneske. Gud med oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar